Hardangeralliansen har inngått avtale med fallrettseigarane og grunneigarane om bygging av småkraftverk på Reisæter i Ullensvang herad.
Det vart gitt fritak for konsesjonssøknad for bygging av Strutåni i 2006, fritak for Bleielva vart gitt i november i 2007. Elvane ligg på Reisæter i Ullensvang herad, og planen er utbygging av den øvre delen av elvane. Dei renn saman om lag på kote 360 og vidare ned til fjorden som ei elv. Begge elvane får derfor felles stasjon og delvis felles røyrgate, med kravt sitt inntak på ulike høgder. Strutåni har tilsig frå Folgefonna, og begge inntak ligg like på utsida av Folgefonna Nasjonalpark. Anlegget kom i produksjon i juni 2009.
For meir informasjon: www.reiseterkraftverk.no
Nedbørsfeltet til planlagt inntakspunkt:
Strutåni: 4,7 km2
Bleielva: 2,6 km2
Brutto fallhøgde:
Strutåni: 200 m
Bleielva: 140 m
Turbinrøyr:
Strutåni: 950 meter diameter 500 mm duktile røyr
Bleielva: 900 meter diameter 400 mm duktile røyr
Planlagt Produksjon:
6,1 GWh/år
Turbin Slukeevne:
totalt - max 0,950 m3/s
Installert effekt totalt:
1,5 MW